Reiseblogg fra Travellerspoint

Bocas Del Toro

Panama

rain 20 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

12.02 Bocas Del Toro
Vi er tidleg på beina, veistøvet hadde lagt seg, men er usikker om hasjrøyken, for eg såg ein svær krabbe inne på ein bar, norsk taskekrabbe størrelse. Trur det var på tide å komme oss vidare, sjølv om klokka ikkje var seks enda. Vel ombord på bussen, som tok ein og ein halv time, kjørte vi gjennom himmelen til ein apekatt, eller ein bannan elskande Bergenser(Arne?).

chiquita

chiquita


chiquita skandinavia1

chiquita skandinavia1


chiquita skandinavia2

chiquita skandinavia2


grensebrua

grensebrua

På grensa rauk pengene kjapt, 12 dollar kvar for ein buss billett ut av Panama, dei var redd vi skulle bli her? 3 dollar kvar for eit frimerke, 10 dollar kvar for taxi til båten og 4 dollar kvar for båt til Bocas del Toro. Båtturen gjekk i ein liten planke av ein båt, med ein 200hk motor på, det gjekk unna. Ute på øya vart eg litt skuffa, det var ikkje det paradiset eg hadde trudd, ligner heller litt på ein festby fra ein amerikansk film. Vi tok turen over til Carenero, det einaste som var ledig der var til 69 dollar så turen gjekk tilbake til Colon. På Colon fant vi ikkje noko vi likte, så da gjekk turen til Bastimentos, etter råd fra noen tyskere. Her slo vi oss til ro på Hostel Bastimentos som blir styrt av noen innfødte. Føler litt samme kultur som tidlegare i Caribien, alle ting kan vente til i morgon, kvifor stresse eller jobbe. Da vi hadde funne oss til rette var det berre til å ta turen til den lokale stranda Playa Wizzard, men her var det dessverre så sterke strømmer at vi ikkje kunne svømme, men vi fekk no bada. På stranda som er tatt ut av eit postkort, arrangerte vi konkuranse i kokosnøttkasting mellom Algrøy og Svartemyr, Algrøy gjekk av med ein kjempeseier til tross for sterk innsats fra Svartemyr.

vidar på playa wizzler

vidar på playa wizzler

Vell tilbake på hostellet fant vi ut at strømmen på øya var borte, ingen vann til dusjing. Vi gjekk ut for å ete på den lokale resturanten Roots, på menyen har dei ca 15 rette, etter litt arbeid fant eg ut kva eg ville ha. Det var 2 retter tilgjengeleg av 15, dette hadde den lokale servitøren store problemer med å forklare, så det blei kjøtt, ris og bønner uten lys, kanskje likegodt. Etter eit par forsøk hadde vi strømmen tilbake ca kl 2200, da hadde vi planer om å sove ute i ei hengekøy på grunn av varmen på rommet vårt...

13.02 Søndag
Vi vokna til eit brak i tre tida, det berømte tropiske regnet slo til. Trur aldri at eg har sett slike mengder med nedbør i Bergen eingang.

regn

regn

No er klokka snart 12 og det har kanskje gitt seg, vi får håpe, ellers blir det ikkje mykje sol på kroppen i dag. I 2 tida var det endeleg ein pause i regnet og vi tok oss ein tur for å sjekke nabolaget. Heldig som eg var var dette dagen da Bastimentos hadde hanekamp mot Colono og den lokale helten Karatos skulle sloss. Gleda meg litt til kampen, endeleg skulle ein av desse j... som har vekt meg så mange morninger dø... Kampen skulle starte kl 14, men etter litt samtaler med dei innfødte så var 15 den rette tida. Eg møtte opp og satt spent å venta, i 1,5 time før kampen starta, blei noen øl ja. I hanekamp er det veging, diskusjon om odds (dette tar tid) og så måtte dei lokale samle inn penger til kampen mellom 350-500 dollar. Det nærma seg kamp og fleire folk kom, hanane blei klargjort, med pigger på beina. Trur fyren hadde fleire pigger med seg enn kongen har fluer på ørret fiske. Kampen starta og spenninga stod i taket, damene skreik og jubla på Karato. Etter ca 7 min fekk Karato overtaket og sette piggene i den andre hanen til kjempejubel fra dei lokale.

hanekamp5

hanekamp5


hanekamp4

hanekamp4

Trur nesten brygga der dei hadde kampen skulle bryte sammen i jubelen. Etter enda ein kamp da den lokale hanen tapte, var eg litt lei og trakka tilbake til hostelet.
På kvelden feira dei lokale hardt, fikk beskjed fra Dickson at her var det fest så lenge det var penger.

ingunn i hengekøy

ingunn i hengekøy

14.02 Mandag
Dagen starta ikkje betre enn den siste og etter ein sjekk på yr.no, var ikkje håpet stort. Vi beslutta å reise fra Bocas, det var meldt regn heile uka. Vi booka buss fra Almirante. den skulle gå kl 1900, og vere framme i Panama kl 0600. Så da var det berre å pakke sammen, ta båten inn til Colon og finne seg ei strand. Problemet no, var at det var så mykje strandfluer på stranda, vi ikkje kunne ligge der. Vi fant ein isbar på ei brygge og blei liggende i noen sakosekker eit par timer, fint å vere på ferie.

på isbar4

på isbar4


på isbar1

på isbar1

Så var det berre å finne seg ein liten planke av ein båt, med litt for stor motor å ta turen til Almirante. Da bussen endeleg kom var det berre å kle seg opp, vi blei advart av andre at det kom til å bli kaldt, men eg hadde ikkje trudd at dei skulle klare å få tempen ned under 17 grader. Turen gjekk unna med ørepropper. Husk at reservasjon ikkje alltid er godt nok i Panama, dei booker nesten alltid litt dobbelt så kom tidleg på bussen.

lokal taxi

lokal taxi

Skrevet av V.I 15:06 Arkivert i Panama

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Vær den første som kommenterer.

Du må være medlem av Travellerspoint for å reagere på denne reiseblogg.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint