Reiseblogg fra Travellerspoint

Nederlanske Antiller +++++

St Martin Saba Anguilla

sunny 33 °C

21.03 St Martin
Hardt slitne var vi på beina i fem tida, kvifor gjorde vi dette.?Taxien kom ikkje som avtalt, men David fixet ein ny for oss. Da var vi litt seint ute, men taxi sjåføren kjørte i hundre og vi kom tidsnok fram. Etter litt surfing og ein telefon til jobben, om lønn, har ikkje fått denne månaden. Fekk beskjed fra Frode at dette var under arbeid, så eg kunne pusta lette ut og fortsette ferien. Vi må fly ned til Port of Spain og vente der i 4 timer, før flyet går opp igjen til St Martin. Takker høgare krefter for data og Wifi, ellers hadde vi nok gått på veggen. Litt kamp om datatida da, men vi fekk lagt ut ploggen.
Vell framme på St Martin, skjønte vi at dette kom til å bli dyrt. Det er fleire private jet fly her, enn i den norske flyflåten, og yatchene ligger tett. Vi booka oss inn på Soualiga guest house, 65 dollar natta, truligt det billigaste på øya.
båten min passerer brua3

båten min passerer brua3


Standaren er ikkje kjempe, men hotellet ligger sentralt til i Den nederlanske hovudstaden Philipsburg. Ingunn har planer å få gjort unna noe av shoppinga i morgon, slik at det ikkje blir gjort i siste liten.Det skal vera svært billigt på denne øya, seier alle til oss. Vell sjekka inn tok vi turen til stranda og kjøpte med oss kinesisk take away.
Take away på stranda i Philisburg2

Take away på stranda i Philisburg2


Ganske fint og roligt her når alle turistene har gått tilbake til cruiseskipene, det er jo nesten som på Svartemyr, ein helser på dei ein møter.....
Vi tok ein tidleg kveld utslitte etter fest, flyging og reising.

22.03
Vi har hørt fra mange at shopping på St Maartin skal vere det store, og her er tax free plassen over alle.
Handlegatene i Philipsburg

Handlegatene i Philipsburg


Ingunn klar for shopping i Philisburg1

Ingunn klar for shopping i Philisburg1


Dette stemmer for elektronikk, sprit, røyk, smykker, parfyme og klokker. Utvalget av klær er ikkje så stort, men det er noe for alle. Husk at ein kan prute på alle priser her, og ein kan få store avslag. Vi trakka opp og ned handlegatene, og var innom mange butikker og svidde av noen kroner. Hardt slitne etter mange timer shopping, tok vi oss take away, på den lokale kinesiske resturanten, take away for ein holder for to her.
Dagensfangst

Dagensfangst


Philipsburg som by dør heilt ut når cruise skipene forlater havna, da starter butikkene å telle opp dagens fangst, og strand stol mennene samler inn stolene sine.
Brukte etter middagen på å booke tur til Saba, dette er ei øy ved St Martin som har 1800 innbyggere. Etter mykje arbeid og mange dollar var turen booka, og vi skal bu på Hotell El Momo. Saba er på topp 10 i karibien når det gjelder dykking, så vi gleder oss.
Kveldene i Philipsburg er nesten som i ein spøkelseby. Dette gjorde ikkje oss mykje, fint å ha ein rolig tur på promonaden uten å bli tilbytt diverse narkotiske stoff. Faktisk har vi ikkje blitt tilbytt narkotiske stoffer på St Maartin, dette er ein sensasjon på turen.

23.03 Saba
Taxien som var booket kom aldri, men vi klarte å booke ein på gata, begynner å bli ein vane dette. Vi tok taxi til Pelican Resort & Casino, derfra går hurtigbåten til Saba. Etter 1 time og 10 min nådde vi havna på Saba, og tok taxi til El Momo.
bassenget i El Momo

bassenget i El Momo


Veiene på Saba går bratt oppover og like bratt utfor, dei er smale og det er stupbratt utfor kanten, så korte turer tar tid. Vil ikkje seie dette for å skremme dere, for øya er kjempe skjøn. Tropisk skog, uberørt natur og hyggelige mennesker. Alle husene er kvite, med rødt tak, det einaste som er ulikt er skoddene, her kan ein velge mellom grønne eller røde....
Bottom

Bottom


El Momo

El Momo


El Momo ligger i ei fjellside, så her må ein ta beina fatt med bagasjen, men når ein er klar til å slappe av, klager ein ikkje.
Trappene opp til El Momo

Trappene opp til El Momo


Det er faktiskt eit lite paradis med svømmebasseng og kjempeutsikt, men utsikt har alle på Saba. Har ein følelse at vi skal slappe godt av her.....
Vi har booka dykking for morgondagen, så i kveld skal vi nyte utsikten og solnedgangen ved bassenget...
ingunns tur bilder1

ingunns tur bilder1


utsikt

utsikt


utsikt fra rommet2

utsikt fra rommet2

24.03 Torsdag
Litt info om Saba. Hovudstaden heitter Bottom, flyplassen ligger i Hells gate, skal vist vera ein av dei råeste landing\takeoff i verden, og vi bur i Windworth. Så er det eit par andre småplasser, men det meste av liv skjer i Windworth. Dagen var satt av til to dykk i nasjonalparken, det første var på den gamle ankerplassen ved Saba kalla Coustom House. Mykje fisk her, men var litt skuffa over korallene, hadde venta litt meir liv, men dei lokale skulle vise noen ``anker`` på bunnen.....
Det andre dykket var betre og her fekk vi sjå nasjonalparken fra ei betre side, plassen heiter Babylon. Her var det utruligt mange koraller og masse fisk, ganske artig å svømme rundt der nede, mykje å sjå...
Vell tilbake på El Momo skulle eigaren lage middag, og spurde om vi var intresserte, Mahi-mai stod på menyen og da kunne vi ikkje avstå.. Så det var berre til å slå seg ned ved bassenget og ta ein dukkert og vente i sola på middagen, som kjem om eit par timer.....
Middagen smakte svært godt, og brownis følgte som dessert. Vi blei sittande drikkande på ulike rom som husverten var hadde lagd, bannan, vanilje, ingefær og chilli, dette gjekk sjølvsagt ned reint.
Vi var ein god blanding folk fra Usa, Canada, Nederland, Bulgaria og Norge, så her blei det diskutert diverse til seint.

25.03 Fredag
Planen var å ta turen på Mount Sceanery, men på grunn av lave skyer gjekk planen i vasken. Vi tok oss ein tur på Sandy Cruz stien som går fra Windwarth til Bottom,
ingunn bottom1

ingunn bottom1


kjempefin tur gjennom regnskogen.
ein av mange slanger

ein av mange slanger


Hels gate skilt1

Hels gate skilt1


hus i bottom

hus i bottom


Planen var å ta fjellet seinare, men det gjekk i vasken enda ein gang, skyene forsvant ikkje. Så det blei ikkje noko tur til Nederlands høgaste pungt, ganske skuffa der......
Windwarth

Windwarth

26.03 Lørdag
Så var det flyttedag igjen, no stod landsbyen Grand Case på fransk side av St Martin for tur. Først stod ein to timer båt tur på programmet avdi Ingunn ikkje vil fly fra Hells gate, ganske skuffa.
The dawn

The dawn


Båt turen og bussen gjekk kjapt, og vi flytta inn på Grand Case Motel som ligger fremst på stranda. Ikkje dumt å slenge seg rett i sjøen, fra sin private annkomst til stranda fra terassen.
utsikt fra leiligheten Grand Case1

utsikt fra leiligheten Grand Case1


vidar på tarasse i Grand Case

vidar på tarasse i Grand Case


Dagen gjekk med til å slappe på stranda, lage middag og ta noen øl på terassen ved solnedgangen...

27.03
Dagens planer går ut på å besøke øya Anguilla. Anguilla ligger 25 min fra Marigot med båt, så vi var tidleg på beina og klare for tur. Vi hadde hørt rykter om ei strand der som heiter Maundays Bay Beach. Kosta ein liten formue å reise på strand tur, 5 dollar i havne skatt per stk kvar vei, 15 dollar til båt per stk kvar vei og 22 dollar i taxi kvar vei. Skal ikkje klage, for denne stranda er den finaste eg noen gang har vore på. Hotell komplekset som heiter Cap Juluca, kan ein ikkje klage på heller.
2600 dollar villa

2600 dollar villa


stranda

stranda


vidar i Maundays bay3

vidar i Maundays bay3


Maundays bay2

Maundays bay2


Her koster ein villa 2600 dollar døgnet og leilighet ligger på 1600 dollar døgnet. For første gang i livet mitt følte eg meg som Sør Afrikanerene seier ```White Trash`` Vi var dei einaste som låg på handklær på stranda. Alle andre hadde skikkelege strandsenger, og det sprang folk med mat og drikke til dei i eitt...
Vi hadde ein kjempe dag på stranda, vi var dei einaste som ikkje hørte til der, så det kjempeplass på stranda.
Etter x antall timer på stranda var vi leie, og tok båten tilbake til St Maartin for å sjå solnedgangen fra terassen. Gran Case Motell har ein kjempe beliggenhet når det gjelder solnedganger for dere som tenker å ta ein tur ein gang.
På kvelden havna vi på Calmos Cafe, dette er plassen å henge i Grand Case. Vi traff på eit par fra Nederland som vi blei sittande å snakke med.....

28.03
Den siste shopping dagen stod på programet og vi tok turen til Marigot. Problemet med den franske sida av St Maartin er at dei har Euro her. Dette drar prisen opp på mange ting, siden det er samme pris på den nederlanske sida og her betaler du i dollar, minst 30% forskjell. Ein må passe godt på når ein skal betale for ofte går 1dollar for 1 euro, og det er store penger å spare. Kjøpte ein del klær i Marigot, men ellers var det dårlig, så turen gjekk vidare til Phillipsburg. Her hadde vi lagt opp eit program med handling. Eg klarte desverre ikkje å prute ned Tag Hauer klokka min nok, så den får vente til ein anna gang, men ellers gjekk mange kjøp i boks..
Vell tilbake i Grand Case var det berre å ta seg eit bad, da sola gjekk ned og slappe av. Vi var ute å sjekka noen suvenir butikker og da gjekk Ingunn av skafte med shopping, det var closing sale og store rabatter. Sa du ein pris, fekk du det nesten for det, så da flaug enda noen dollar...
This is france

This is france

29.03 Tirsdag
Tenk at ein tirsdag i slutten av mars kan brukes til å ligge på stranda og slappe av, uten å tenke på jobb eller kulde. Dagen gjekk med til å slikke sol på stranda framfor Motelet i Grand Case, kvifor slite når ein har alt utenfor døra. Måtte gå 200 opp i veien for å bestille dykking til i morgon. kan jo ikkje berre slappe av.....
solnedgang grand case3

solnedgang grand case3


I dag er det karneval i Grand Case, dei feirer vist her kvar tirsdag. Vi er klare!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Dessverre blei karnevalet avlyst av store nedbørsmengder i ein 3 timers periode, men vi hadde ein tur ut med Andrew i Grand Case. Det blei ikkje seint, for dykking står på programet i morgon...

30.03
Vi flytta ut av motellet vår og rømte stedet, vi hadde blokka doen. Så alle tinga blei lagt hos den lokale dykker klubben Octopus. Opplegget og utstyret var over all forventning, og vi gleda oss til to dykk. Det første dykket gjekk ved Creole Rock, 13m dypde og dykket varte i 50 min. Masse fisk, hummer og koraler. Så var det berre å komme seg opp i båten og flytte til Turtle Reef. Her var det ut fra navnet masse skilpadder (vi såg 9 stk.) og eit par sting rays, masse fisk og koraller, dykket var på 13m og varte i 59min. Det var to kjempefine dykk, og vi vil anbefalle alle å dykke med dette selskapet. Det einaste er at det er kjempe kaldt å dykke i 2 timer, så eg blei hardt mobba ``Er ikkje du fra Norge eller?``. Dei lokale bussane ville ikkje plukke oss opp med bagasjen vår, og etter 1 og ein halv time måtte vi ta taxi til Travel Inn i Simpson Bay, førstevalget vårt Turtle Inn var dessverre fullt. Vi sjekka inn og tok turen til Simpson bay beach, fint å ha ei heil strand for deg sjølv. Vi stoppa på ein uteresturant ved flyplassen der Ingunn fekk ny favoritt drink Frosen Mango Magarita.
Frosen mango magarita1

Frosen mango magarita1


Ellers var det berre å slappe av i sola, jobben nærmar seg med storm skritt, så ein må nyte det som ein kan.
Karacter beach pub1

Karacter beach pub1

31.03
Turen gjekk til Mullet bay beach, etter kjøp av snorkle utstyr, litt seint, men betre enn å leige. Etter litt snorkling med kanadiske Gabrielle, tok vi turen til Maho Beach. Det er på denne stranda flya nesten lander på deg, og alle stormer til gjerde for å holde seg fast når flya tar av. Må seie at det kittler litt i magen når ein Airbus flyr 20 m over hovudet ditt. Så var det berre å ta turen tilbake til Simpson bay beach og Karacter Beach pub og slappe av siste dagen her, før pakkinga begynner på rommet...
Etter litt slapp pakking tok vi turen ut for tapas, ikkje det heilt store men det gjekk ned. Vi tok turen inom den lokale Zacken, den store forskjellen var at båtene var litt større her, men det var ikkje noko kjempeliv, så vi slappa av med eit par presidents.

01.04 Fredag og lørdag
Alvoret har innhenta oss, i dag skal vi desverre reise heim.. Vi var tidleg på beina og tok to timer på stranda, med eit siste bad. Vi må sjekke ut av hotellet kl 11, så vi har det litt travelt. Klokka 1140 var vi ferdig pakka etter at Ingunn hadde flytta store mengder med gods over i min sekk, og sjekka ut av hotellet. Vi slo til med litt libanesisk mat før vi tok bussen til flyplassen... St Martin (SMX) er den første flyplassen uten gratis wifi på turen, ganske dårlig, men får slå tida ihell på andre måter..
mango daiquiri og data

mango daiquiri og data


Var litt uheldige med flyet fra St Martin fordi det flaug til Bonaire 1 time og 30 min feil vei før vi måtte av flyet, og borde det på nytt. I sjutida gjekk flyet fra Bonaire, og gjekk direkte til Amsterdam, landa her 9 neste morgon.....Kl 12 gjekk flyet vidare til Bergen uten forsenkingar, og her stod Roger klar og plukka oss opp....
Viss noen trenger reisetips fra turen er det berre til å sende ein mail eller ta kontakt.....

Skrevet av V.I 09:03 Arkivert i Saint Martin

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

Hei Vidar

Fantastisk Tur !!!!
Mange fine bilder :-)

Hilsen
Inge

fra Ingekristian

Du må være medlem av Travellerspoint for å reagere på denne reiseblogg.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint