Reiseblogg fra Travellerspoint

Purto Veijo

Costa Rica

sunny 30 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

09.02 Onsdag Purto Viejo
Dagen starter kl 0700, 30 min til sjåføren var Alfonso skal hente oss. Eg klarer å ta turen innom det lokale bakeriet, og kjøpe ein baguett, før Alfonso endeleg dukker opp. Ei skikkeleg hesterute står på pogrammet avdi vi var litt seine med bookinga av shuttle. Først blei det minibuss til Guapiles 3t, derfra ekspress buss til Lemon 1,5t og så lokal buss til Purto Viejo1,5t. Vi var endeleg framme ca kl 1430, etter å ha måtte stått på bussene store deler av dagen. Rundt Lemon er det store Bananplantasjer, så eg har døpt området til Bananland, for iløpet av turen såg eg meir Bananer enn ein Bergenser et i livet.
Vell fremme i Purto Viejo sjekka vi inn på Cabinas Tropica, 40 dollar for natta, får håpe det er verdt pengene, for søvn mangler vi. Sjølve byen Purto Viejo er ikkje mykje å skryte over, litt slumpreg faktisk, høy Bob Marley faktor, hasj tilbud på kvart hjørne, men strendene i sør skal vere fantastiske. Så planen er strandliv på oss i morgon, hørte at det er meld mykje snø heime. Så vi trenger frivillige til trappemåking i BergenJ

10.02 Torsdag
Etter ein liten frukost med baguetter advokado og bananer, var vi klare for sykkelturen. Turen til Manzanillo er 12km kvar vei, og vi skal ta den på kvar vår cruiser. Leiga er på 5 dollar for dagen, og 100 dollar i bot visss sykkelen blir stolen.

vidar på cruiser3

vidar på cruiser3


ingunn på cruiser2

ingunn på cruiser2

Vi trakka avgårde og etter 6km stoppa vi på Punta Uva og tok ein duppert, kan jo ikkje svette.

Punta uva3

Punta uva3


ingunn på Punta Uva

ingunn på Punta Uva

Så etter ein time var det berre å trakke vidare til Manzanillo der ein fruktlunsj, bagelse og fersk frukt juice stod på pogrammet. Så blei det nok ein duppert, skal ikkje klage når det er kun ein handfull med folk på strendene.

vidar på manzanillo4

vidar på manzanillo4

Etter noen timer var det berre å trakke tilbake for å sjå på aper, tofot, sommerfugler og andre ukjente dyr. Henta oss også litt bananer på veien, må jo spare litt .

bannanslang1

bannanslang1


rosa bannaner

rosa bannaner

Så var det berre til å ta nok ein duppert på Punta Uva etter 6km, kan jo ikkje slite oss ut. Stoppa også og spiste Humus og falafel, rart kva vi finner langs veien her i Purto Viejo. Leverte syklene tilbake i 16 tida, da var vi godt fornøyd og såre. Settet på ein cruiser er jo laga for amerikanere med ei vekt på over 150.......

11.02
Veistøvet og hasjrøyken hadde lagt seg fra gårdsdagen, vi var klare for å sjekke ut Cahuita nasjonal park. Det var ikkje mange folk som var oppe, det er kanskje ikkje rart når det står folk og selger hasj på kvart hjørne. Ingunn har fått tilbud om å kjøpe for 3000 colones (6 dollar), uvist om kvalitet og mengde da., men ho aviste høflig.

Chahuita nasjonal park7

Chahuita nasjonal park7


Chahuita nasjonal park6

Chahuita nasjonal park6

I nasjonalparken som har gode bademuligheter, traff vi på forskjellege dyr, 2 typer aper, edderkopper, vaskebjørner, land krabber, div firfisler, trefot sloht, slange, ekorn, div fugler osv bilder kommer.

vaskebjørner2

vaskebjørner2


trefot slot4

trefot slot4


aper8

aper8

Ingunn hadde problemer med noen aper som ville stjele vesken hennes, så vi satte opp tempoet da dei starta å vise tenner til oss. Skulle vore innom med litt tannregulering på heile gjengen.

sinte aper3

sinte aper3


sinte aper1

sinte aper1


Vell gjennom jungelen, var det berre å finne bussen, den var overfull som vanleg, og kjørte med open dør. HMS?
Tilbake i Puerto Viejo var det berre til å slenge seg i ein hengekøystol og vente på ein fersk frukt juice.

vidar i hengestol

vidar i hengestol


vidar i hengkøy

vidar i hengkøy

Vell heime gratulerte vi folk heime med morsdagen, litt tidleg men veit ikkje korleis nettet blir framover. Før turen gjekk til Playa Cocles for å bade. Dette er surfestranda i området og bølgene var så store at det blei dessverre lite svømming på oss.

Skrevet av V.I 18:41 Arkivert i Costa Rica Kommentarer (0)

Fortuna

Costa Rica

sunny 30 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

06.02 Søndag Fortuna
Været er kjempe, men Ingunn er utslått. Det gjekk litt hardt for seg igår, men vi klarer å komme oss ned på stranda. Taxibussen vår stod klar kl 1400 som avtalt og da står Fortuna på programmet. På vei til Fortuna kjører vi forbi Lake Arneal, kjempefint område for surfing, fiske, sightseeing og hesteridning. Skulle ha planlagt litt betre og stoppa her for ein dag eller to. Vell framme i Fortuna, blir vi innkvatert i telt, det er fullt på dei single rommene, så vi får sjå korleis natta blir. Fortuna er bygd opp rundt vulkanen, naturen og dei varmekildene. Her går det turer til vulkanen, lava tureer om kvelden, varmekilder, hesteturer til fosser, rafting, candopy osv. Hostelet prøvde å selge lavatur til oss, sjølv om siste lava var for 3mnd siden, litt skuffende hadde ønska ein aktiv ein. I Fortuna er det festival, den årlege som varer fra 4-14 feb, vi ser cowboy show og korleis dei lokale slår seg laus på disco...

Festival1

Festival1

07.02 mandag
Vi slår oss ilag med noen Kanadier og Amerikanere og tar taxi til Arenal Observatorylodge, her skal det vere den beste utsikten til vulkanen. Har hørt at vulkan jakt ofte fører med seg skyer, med vi fekk ein skyfri vulkan denne dagen og utsiken var enorm.

Vi og vulkanen arenal2

Vi og vulkanen arenal2


Vulkanen areal4

Vulkanen areal4

Fra Observatory tok vi oss ein gå tur til Cerro Chato, som er eit gammelt vulkankrater, turen gjekk 2 timer gjennom jungelen kvar vei. Var litt skuffa da vi kom fram, for dammen var ikkje så fin som folk skulle ha det til.

laguna cerro chato5

laguna cerro chato5

laguna cerro chato7

laguna cerro chato7

2]

I jungelen blei eg bitt av ein fire ant, eller noe slikt, svei som berre f..... Tilbake på Arenal Observatorylodge krasjet vi bassenget, måtte jo ha litt vann på kroppen etter 4 timer i jungelen. Det var jo berre Russere der uansett, så det var berre å slå seg laus. Vell tilbake på hostellet, måtte vi ta turen i minibanken og litt shopping, før vi prøvde den lokale resturanten Soda Viquez.. Ingunn bestilte kvitløk marinert sea bass og eg tok sea bass i avakadosaus, vi var svært fornøyd begge to.

Mat på Soda Viquez1

Mat på Soda Viquez1

08.02 Tirsdag
Etter to dager i telt er det slutt, har nesten ikkje sove på 2 netter. Arenal Backpackers teltliv er ikkje noe for meg, Atv’er uten eksosanlegg, anna trafikk støy og utenksomme naboer i teltbyen, har ødelagt nok nattesøv, så neste stopp er Hotel Regina.

Backpecker teltet5

Backpecker teltet5

Backpecker teltet3

Backpecker teltet3

Etter ein rask flytting, er vi klare til å utforske fossen La Fortuna, ca 4 km fra Hotellet. Turen går raskt i ein taxi, før den 20min lange manuelle nedstigningen på beina. Når ein endeleg kjem ned er naturen eineståande og ein kan ta seg ein svømmetur mot fossen, men strømmen setter ein rask stopper for turen.

fossen la fortuna1

fossen la fortuna1


Ingunn og la fortuna1

Ingunn og la fortuna1


Vi og la fortuna1

Vi og la fortuna1


Litt tørst

Litt tørst

Vell tilbake i Fortuna blir det ein 1,5timers strekk, før dei varme Baldi kildene. Vi reiste til kildene ca i 1700 tida, men det hadde vore fint å vore der tidlegare pga den tropiske hagen. Det blir jo mørkt ca kl 1800, og då låg vi og slappa i ein jacuzzi. Så med litt betre planlegging kunne vi nok fått med oss litt av den tropiskehagen og fuglane der. Vi tok og ein buffet der, svært god mat, før det blei meir plasking. Baldi hot spings består av 25 basseng med temperaturer mellom 32 og 67 grader, bada i alle uten det med 67, har visse grenser. Vell tilbake i Fortuna blei det pakking og søvn........

Skrevet av V.I 16:32 Arkivert i Costa Rica Kommentarer (0)

Tamarindo

Costa Rica

sunny 30 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

02.02 Onsdag Tamarindo
Ingunn var svært reisesyk og holdt meg våken heile natta, det lukta brent sa ho midt på natt, merka ingenting eg, men vaken vart eg. Vi stod opp 0515 og sønnen til Migdalia kom sjølvsagt 15min forseint for å hente oss. På vei til flyplassen måtte han stoppe og spørre etter veien, glade og fornøyde kom vi oss ut av bilen og inn på flyplassen. Casa de Migdalia er ikkje til å annbefale. Vi klarte å bruke opp pengene våre på flyplassen, for cuc er ikkje gangbart andre steder enn Cuba.

vidar cubaflagget

vidar cubaflagget

Så ein av dere heldige lesere er no vinneren av ein Cubita kaffe. Etter 2 timer landa vi i San Jose, snakk om flyplass, her var alt reint og nytt. Bagasjen kom og vi kasta oss i ein taxi, bussen til Tamarindo går om 1,5 time og skal ta 5 timar. Taxi sjåføren lurte oss sjølvsagt for 4 dollar, han hadde ikkje vekslepenger, bombe det da!!!! Vell ombord i bussen, har sett mange finare, enn klager ikkje. Bussjåføren kjørte som berre f... heile veien, hadde 10min pause og kom 1 time forseint fram.

Cantaloupe2

Cantaloupe2

Vedder på at Petter Solberg hadde slitt med denne fyren, det var ikkje få biler han kjørte forbi.
Vell framme i Tamarindo var sola gått ned, og vi og eit par fra Israel leita etter rom, ingen av hostella hadde ledige singelrom, så vi havna på Portofino etter litt hjelp fra noen surfere. Ein kan vel ikkje vente mykje for 36 dollar i høysesongen, har i allefall eget bad,ac og basseng viss dei klarer å gjere det reint.

03.02
Etter mange slappe dager på Cuba, står trening på programmet i dag, vi starta med ein joggetur kl 0800. Kjempefin strand å jogge på her i Tamarindo, husk berre å start tidleg, det blir fort varmt i sola.
Vi hadde oss ein tur på det lokale supermarkedet og handla frukost, frukt og fruktkniv. Frukta her i Costa Rica er fersk og kjempegod, så det er berre å slå seg laus.

stranda på Tamarindo1

stranda på Tamarindo1

Den beste badestranda er no Tamarindo ikkje, bølgene blir ganske store, perfekte for surfing. Det er derfor vi er komne og vi har bestilt surfetime til i morgon kl 1200. Resten av dagen gjekk med til å slappe på stranda før vi såg solnedgangen i stillehavet.

vidar og ingunn2

vidar og ingunn2

Det er viktig å huske omformere til stikkkontaktene, litt anna system her, vi måtte ut på ein kjempetur for å skaffe ein.
Sett litt smådyr her og padder, svære sommerfugler, krabber ved hotellet og ein Iguana som plyndra reiret til småfuglane våre ved hotellet.

Iguan2

Iguan2


pelikaner1

pelikaner1

04.02 Fredag
No er det på gang med treninga, andre dag på rad vi er ute på stranda og jogger. Må få bort litt av alt den maten vi spiste på Cuba. Etter frukost slappa vi av, ville ikkje bli solbrent før surfinga.

Eric og studentene

Eric og studentene

Etter litt tørrtrening på stranda var det ut i sjøen, trur ikkje eg har drukke så mykje sjøvann før, men på slutten fekk vi det til. Eric læreren vår klaga at det var formykje strøm så bølgene var ikkje så gode, men vi klarte å stå begge to. 2 timer med surfing tar skikkeleg på, trudde ikkje surfing innebar så mykje padling, så det var berre å slappe litt etterpå, før solnedgangen i seks tida. Til alle dere kvinnelige lesere, skryter Ingunn mykje av solnedgangane her.

solnedgang3

solnedgang3

surfer2

surfer2

05.02 Lørdag
Dagen gjekk med som strand boms, fint med litt sol på kroppen.

sliten i sola

sliten i sola

Lørdagskvelden i Tamarindo tok litt av, vi skulle berre ut ein liten tur på Sharkys, dvs eit nedbrent lokale som dei prøver å få penger til å bygge opp igjen. Der traff vi surfelæreren vær Eric og kompisen Nici, det blei ein hard kveld....

sharkys

sharkys


oss på sharkys

oss på sharkys


lokale gatekjøkken på sharkys

lokale gatekjøkken på sharkys


Niki Ingunn Eric2

Niki Ingunn Eric2

Skrevet av V.I 18:00 Arkivert i Costa Rica Kommentarer (0)

Havanna

Cuba

sunny 28 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

31.01 Mandag Havanna
1030 starta turen til Havanna i ein liten bil, hadde frykta dette. Det var ikkje den bilen det dei reklamerte med, men vi fekk bagasjen inni og raste avgårde i 120. Trur fatisk Cuba har meir 3 felts motorvei en Norge, det einaste er at lokalveien på Svartemyr har meir trafikk. Biltrafikken på Cuba er rundt byane, det er svært lite trafikk mellom byane. Vell tilbake i Havanna sjekka vi inn hos Migdalia igjen.

på vei heim

på vei heim

Middagen vår blei servert på den vante resturanten Jardin del Oriente, fint å få eit måltid som ein kan spise opp. Ingunn klaga litt på Cuba libren sin, masse rom og lite Cola(sparer peng på slikt)

Ingunn poster kort

Ingunn poster kort

Etter middagen hadde vi ein runde på byen og havna på Plaza Vieja, der dei lokale gitar kammeratene spilte forkvelden.

01.02 Tirsdag
Siden vi ikkje nådde sigarfabrikken i går, står den på programmet i dag. Klokkeslett som står i LP, kan du ikkje alltid stole på. Sigar fabrikken er eit must å få med seg når ein er i Havanna, ein får ein tour for 10 cuc der dei viser deg heile produksjonsprossesen. Blei faktisk tilbudt å kjøpe sigarer fra ein av arbeideren på fabrikken svart, mens turen pågjekk.

Ingunn på vei til chinatown

Ingunn på vei til chinatown

Etterpå tok vi litt vandring i Havanna, før problemet med minibankene oppstod. Ingen av kortene våre virka i minibankane i byen... ops!! Etter litt vandring og henting av pass, fekk vi til Dnb kortet mitt. Så no har vi penger til husvert, taxi og for å reise ut av landet.

Revolusjonæren

Revolusjonæren

Ingunn har kjøpt seg Fidel lue som minne fra Cuba, bilde kommer.. Vi tok ein tidleg kveld med litt Cubansk mat og dessert.

Huskeregler for Cuba
6kr =1cuc =24 pesos
Sigarfabrikk arbeiderene får 3 sigarer om dagen, dette er feilvarer.
Alle som snakker til deg på engelsk, er ute etter pengene dine.
I Havanna er resturant tilbudet godt, spis ute!!!!
Cuba er dyrere enn du trur
Det er normalt å fløyte , se på bakdelen, snu seg når til fine damer når dei passerer.

Skrevet av V.I 06:11 Arkivert i Cuba Kommentarer (2)

Santa Clara

Cuba

sunny 26 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

30.01 Søndag Santa Clara
Ilia eller mor nummer to som eg liker å kalle henne, hadde lagd til ein kjempefrukost, meir mat enn vi kunne spise. Ho klager på meg for at eg et forlite, har forlite kler på meg ute, føler gammel historie fra Ågotnes her. Etter ein tårevåt avskjed, og vell plassert i baksettet på ein amerikaner, sette vi kursen for Santa Clara. Etter 1,5 timer var vi der, underveis plukka vi opp og sette av folk heile veien.

Amerikaneren2

Amerikaneren2

Amerikaneren3

Amerikaneren3

Vell framme bukka vi hus for 2 dager, hos Victor. Da vi fant ut at byen kun inneholdt Che og alle bussene var fulle framover, fiksa vi ein pirat taxi neste dag med eit franskt par.

vidar og che

vidar og che

Che monomentet og museumet er ikkje det store, så ein trenger ikkje meir enn ein dag i byen, viss dere ikkje er innom parken som Fillipinerene har kalla opp ettter meg. “Parque Vidal”

Noen har døpt ein park etter meg

Noen har døpt ein park etter meg

Vi testa også hest og kjerre i byen, dette er langt over grensen til dyreplageri, da kusken sikkert slo hesten kvar 20m med ein pisk. Middagen var suveren hos Viktor også, gleder meg til Costa Rica no, der skal eg på diett. På kvelden var vi ute og kikka litt i Santa Clara, det var disko for folk under 18 i Park Vidal, ellers skjedde lite.

Skrevet av V.I 06:01 Arkivert i Cuba Kommentarer (0)

(Innlegg 11 - 15 av 21) « Side 1 2 [3] 4 5 »