Reiseblogg fra Travellerspoint

Cienfuegos

cuba

overcast 22 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

28.01 Fredag Cienfuegos
Vi var på beina tidlegere enn nødvendig. Eit problem her på Cuba er at dei fleste har haner, hunder, griser, katter eller bur nært ein svært trafikkert vei. Då oppstår det planer om å ta livet av visse dyr ca kl 0400 på natta, kl 0700 har nesten skoa kommet på beina og ein er på vei ut, men du klarer å roe deg. Vi var iallefall på busstasjonen kl 0800 og kjøpte biletter til Centifuego, etter 1,5 timer var vi framme og blei møtt av Hector på bussstasjonen. Hector er svært hyggelig og viste oss ein video fra byen og hadde merka av på kartet kva som var viktig å få med seg. Huset til Hector ligger svært sentralt og vi tok oss raskt ned til byenkjernen. Etter litt sightseeing tok vi ferga ut til festningen, fekk beskjed om å møte i god tid, den gjekk kl 1300. Da vi kom der ca 1443, hadde vi problemer med å få plass ombord. Ferga gjekk 10 min før avgangstid og eg regner med at det var redningsvester til ca 1\5.

Parret på Castillo de Jagua2

Parret på Castillo de Jagua2

Festningen var til oppussing så store deler var stengt, men det var ein fin tur viss ein har tid. Vell tilbake i byen gjekk vi og kikka på ein gravplass fra 1900 tallet, det var litt meir prestisje om å ha den største og finaste gravsteinen på denne tida. Ein kunne sikkert fødd ein liten afrikansk landsby i eit år på kostnadene med enkelte gravsteiner.

Cementerio de Reina7

Cementerio de Reina7

Cementerio de Reina5

Cementerio de Reina5

Vell tilbake på casaen hadde Hector og kona Ilia laga middag til oss. Ein Cubansk middag for 2, kan enkelt fø 4 nordmenn på min størrelse. Rekner med at Roger hadde spist alt da, men ein må jo ha litt grenser. Hector og Ilia er svært hyggelige dei ler og skratter, og er svært stolte over casaen sin. Dei legger stort arbeid for at gjestene skal være fornøyde, og er stolte over kva dei serverer oss. Mi casa es su casa.

Vidar og Bucanero

Vidar og Bucanero

Ved leggetid huska eg tilbake til gamledager, livet på Skandi Bergen. Casaen hadde roa seg for kvelden og eg og Ingunn hadde lagt oss. På naborommet smalt Hektor av ei bønne og da skjønna vi kor lytt det var her. Det var nett som ombord på Skandi Bergen der ein hørte alt gjennom skottene. Ingunn hadde eit skikeleg latteranfall i stillhet, håper vi.

29.01 Lørdag
Frukosten var overdådig, eg hadde ikkje fordøyd maten etter i går. Ilia vart skikkeleg skuffa da vi ikkje ville ha middag, eg prøvde å forklare at vi skulle på diett. Fikk beskjed på spansk at eg spiste som ei lita jente, etter kva Ingunn kunne oversette.

Benny More og Ingunn2

Benny More og Ingunn2

Vi tok oss ein lang gåtur til La Punta over promonaden, svært fint her i Cienfuegos. Da vi skulle sjekke bussen til Santa Clara oppstod problemet, den gjekk ikkje før kl 1630, vi ønska ein om morningen. Etter litt arbeid, og masse snakking, har vi ordnet oss ein pirattur, med ein gammel amerikansk bil til Santa Clara. Dette blir spennende, kommer i neste nr. Hector og Ilia prøvde etter alle kunster å overtale oss til å bli, men planen var lagt. Che! Cubas stor sønn står på programet.
På kvelden starta Ilia å vaske huset, ho brukte 2,5 time og enorme mengder vann, dette fekk vi med da vi prøvde å ta oss ein kvil. Vi gav Ilia ein Daim sjololade, dama blei overlykkelig. I love you, I Love you, skulle tru det var eit barn i Afrika som fekk mat etter ei sultkatastrofe.
(Hector trekte seg stille tilbake under denne seansen, han tenkte vell at alt kunne skje med Ilia og litt sjokolade)

Hector Ilia Ingunn

Hector Ilia Ingunn

På kvelden hadde vi planer om kabaret, men temperaturen hadde sunke drastisk og det hadde starta å blåse så kabaren blei dessverre kanselert.

Skrevet av V.I 17:29 Arkivert i Cuba Kommentarer (0)

Trinidad

Cuba

sunny 26 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

23.01 søndag Trinidad
Dagen starta med ein flott soloppgang i Vinjales, hanane hjel, hønene kakkla, grisene grynter, hundane bjeffer osv. Det ser ut til å bli ein kjempedag, berre så synd at vi er på vei til bussen. Dagens reise skal ta 8 timer, men tok 8,5. Ikkje gale det på Cuba når buss sjåføren skal helse på alle vennene sine på veien. Da vi annkom Trinidad og gjekk av bussen blei vi angrepe av 20 huseigere, alle ville ha oss, men etter noen minutter fant vi dei rette. Det er ein sann fornøyelse å snakke engelsk med ein huseigar, dagen blir utruleg lettare.

Trinidad

Trinidad

Den nye casaen vår har takterasse og eg sitter i denne stund og tar meg ein pils mens eg skriver bloggen og tenker på dere der heime i Norge som enda må vente 6mnd på utepilsen.

middag3

middag3

Middagen var ein suveren godt steikt fiskefilet, med grønsaker og pomfri av søtpoteter.
På kvelden tok vi ein tur opp i gamlebyen for å høre litt cubansk musikk på casa de la musica, svært bra liv sjølv om temperaturen var lav. Vi satt der og slappet med øl og mojito, Ingunn klaga at den var sterk, men den innehold jo dei vanlege 4cl med bladevann.
Vi fant ut at dei resikulerer mykje rart her, drink glassa som er eingangs av plastikk blir vaska og brukt på nytt. Det var kanskje derfor det var bitemerke i glasset til Ingunn.

24.01 Mandag
Frukost kl 0900, dette hørest ut som meir ferie. Tok oss ein tur på nettet og lasta opp litt blogg og betalte noen rekninger. 2 bilder tok 45 min, det er ikkje rart det tar tid med bloggen, mange plasser har ikkje usb tilgang eingang. Jaja er jo på cuba og skal ta livet med ro, så vi far ta tida til hjelp.

ancon8

ancon8

ancon4

ancon4

ancon3

ancon3

Etter å ha vore på nettet tok vi turen til Ancon, kjempefin strand, men det var lettskya så vi slapp å bli solbrent. Taxien til stranda var ein gammel loppebefengt Lada, var litt småredd at den skulle falle sammen siden denne også mangla det meste av deler. Etter soling, bading og ein lang tur på stranda tok vi ein coco taxi tilbake, bilder kommer. Coco taxi er eit stort gult egg, med ein moped som fremdrift. Det går ikkje fort, men det er billig.

cocotaxi3

cocotaxi3

ingunn lettere skremd

ingunn lettere skremd

Tilbake i Trinidad tok vi ein tur i gamlebyen og kikka på arkitekturen. Har ein følelse at Trinidad er ei turistfelle, for på kvart hjørne står det noen som skal selge sigarer og hører om du trenger taxi..
Hadde eit kjempemåltid på casaen med eit australsk\dansk par, før vi tok turen ut på casa de la musica og slappa av med litt cubansk musikk.

25.01 Tirsdag
Etter ei god natt søvn og ein god frukost(guava juice er tingen), tok vi ein coco taxi til stranda, været var ikkje lovande, men rundt 11 klarna det opp ,sol og 28 grader(skryter ikkje).

krabba

krabba

Så dagen gjekk med til å slappe på stranda, det er fint å ikkje ha noen jobb å tenke på før om 10 uker. Ferie er topp, skulle nesten ha gjort dette kvart år(Vi får snakke om det ein anna gang GunnarJ). I fire tida var vi lei stranda og skulle ta oss heimover, hadde hørt rykter om eit tog..... Etter mykje fram og tilbake fant vi toget, samme som i Bergen(det små turist toget). Turen som skulle ta 10 min heim tok 30, da sjåføren svinga innom alle kjente og helsa på dei. Fløyta gjekk i eit og folk helsa på oss, det var for det meste berre folk over 65 på toget, som stor kosa seg heile veien. Det virka som det samme hadde skjedde dagen før, ifølge det svenske pensonist følge foran oss. Det blit nok pirat eller coco taxi framover.
Kveld går jo med som vanlig til å ta ein tur opp på casa de la musica, på veien er det jo berre til å unngå alle som vil selge deg turer, taxi sigarer, resturanter og tiggere. På Casa de la musica er det ganske artig å sja dei lokale danse salsa, så kommer jo pensjonistene ut på golvet og tar ein sving med litt vrikking.
Da må du holde lattermusklane stramt, dette er ganske morro å få med seg..

casa de music3

casa de music3

26.01 onsdag
Så var det hesteryggen igjen, vi skal på tur for å sjå ein foss i nasjonalparken. I 1000 tida kom den lokale hestemannen (Pedro) og henta oss.

Pedro lonesome rider

Pedro lonesome rider

Det var ca 20 min å gå til den andre sida av Trinidad, strøket var ikkje bra, men vi fekk haik med ei lokal hestekjerre. Hesten prompa og dreit, men det gjekk framover. (For dei som huska Kramer og hesten i Seinfeldt, som blei mata på bønner i boks).
Hestene våre Lenopila og Pomelia tok seg fram på dei steinete stiene i Trinidad, hadde hjertet i halsen fleire ganger, da hestene sklei. Da vi endeleg kom ned på flat mark, kunne vi ri litt raskare, det viste seg at desse hestene hadde eit anna gir og det bestod ikkje i ballaknusing. På veien stoppa vi på ein sukkerfarm der Pedro spørte Ingunn om vi ville ha sukkervann. Ingunn lurte på om hestene skulle ha sukkervann og kvifor? Da Pedro forstod kva Ingunn meinte holdt han på å dette av hesten i eit latteranfall. Sukkervann og sitron smaka svært godt, for første gang på turen blei det ikkje blanda inn rom???????

Cowboyene

Cowboyene

Nasjonalparken 6,50 cuc var litt rip off, ikkje rare fossen, men det var ein fin badeplass. Som sagt tidlegare, hesteriding og våt shorts er ikkje tingen, men vi får sjå imorgon om det er noen slitasjeskader.

fossen2

fossen2

På vei tilbake fekk eg overtalt Pedro om å pøve hestene i full gallopp, dette kunne endt i store skader da Ingunn nesten falt av hesten.(glad for reiseforsikring, klok av skade). Vel tilbake i byen var det tid å ta ut penger igjen, ingen minibank her. Da blir det pass og visa igjen 11% kommisjon, kommunisme er tingen, noen tener gode penger her. Så var det intenett, noen som husker da vi måtte ringe opp på telefonlingja heime, her går det saktere enn da. Det er derfor det går litt seint med bloggen, to bilder tok 45 min. Vell heime var det berre til å ta seg ein dusj(hest) og så ein lur. Hummer står på menyen i kveld, og den smakte svært godt. På kvelden var det berre å ta ein liten tur på casa de la musica, litt cubanske toner skader ikkje.

Hei Ingrid! Glemte å seie at Ingunn har funne seg ein kjekk servitør her, det er kun han som får ta bestillingene våre. Vi har kalla han Don Andreas den II. (Lurer på om Andreas har slekt her borte, eller om det var Cubansk besøk på Voss på 80tallet????)

27.01 Torsdag
Dagen starta med jakt på bussbiletter, Santa Clara står på pogrammet og Casaen er booket. Dessverre gjekk ikkje bussen før kl 1430, litt skuffa og betenkt tok vi turen turen til stranda. Etter at ei dame fra Infotur hadde prøvd alt, både med telefon og på gata. Vi tok ein heil dag på stranda og såg solnedgangen fra Cuba. Dette anbefalles, ein får masse ekstra kreditt fra dama for dette....

parret i solnedgang ancon1

parret i solnedgang ancon1

Heimturen fikset ein kanadier for oss, han hadde fått den lokale grisebonden (Miguell) som også var pirat taxi til å kjøre oss heim. Vell heime booket husverten om reiseplanene våre. Så no går turen til Cienfuegos og så til Santa Clara. Cubanerene er flink til å fikse ting når penga blir holdt innenfor familien. Så no er det berre å pakke litt for bussen går kl 0900 i morgon og vi er klare for nye eventyr.
Ingunn skal berre opp å helse på Don Andreas den II for siste gang, vi kan jo sjekke om han er på facebook Ingrid?. Som vanlig var Don Andreas på plass og serverte oss dugfriske øl og tucola, han reagerte til og med på Don. Vi traff igjen dei Australske vennene våre Jason og Kathrin Carnevale så no er overnatting fixet viss vi havner i Melbourn.

Vidar Jason Kat

Vidar Jason Kat

Skrevet av V.I 17:16 Arkivert i Cuba Kommentarer (0)

Vinjales

cuba

overcast 21 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

20.01

Vi er på beina kl 0650, dette er tidlig for å vere på ferie, men vi står på for nye oppdagelser.
Kl 0730 står pirat taxien vår klar utenfor, skal vist vere kjempebillig, men gutten kjører til feil bussterminal. Rask som eg er, oppdager eg faren, og får mannen til å snu, sjølv om det einaste orde vi begge forstår er Bakalao.
Etter litt venting på buss, er vi klare og finner det siste dobbeltsete bakerst i bussen, Vinjales next.
Etter ca 4 timer på ein humpete motorvei som mangler litt asfalt, ankommer vi Vinjales dalen. Vi blir posivtiv overaska, ikkje rart området står på UNESCO sin liste.

vinjalesdalen

vinjalesdalen

Vi lurer berre på korleis dei nye huseigarane er? På bussterminalen står det 40 personer og vitfter med navn og skriker om ledige rom.

lokal transport

lokal transport

Sosa som er husverten vår står der også, og etter ein rask taxitur 3 min, treffer vi kona hans Gena.
Vila Gena er eit lite hus som ligger i utkanten av Vinjales by, overraskende fint. Heldigvis er sønnen heime, han snakker litt engelsk så det hjelper mykje.

sosa

sosa

Etter å ha funne oss tilrette tar vi ein kjapp sightsing av området og ender opp med eit bad på La Ermita. La Ermita er eit hotell som ligger på ein høyde over Vinjales og har kjempeutsikt over området. Etter litt bading og is går turen tilbake til Vila Gena, middagen skal vere klar kl 1900, så det er best å ikkje vere seine, dette stedet har gode kritikker fra tidlegare gjester.

Vila Gena

Vila Gena

Etter middagen slapper vi av på terassen med ein øl før Sosa tar oss med til den lokale sigar produsenten Pedro. På bakrommet til Pedro viser han oss korleis ein lager ein skikkeleg sigar. (Ein slik Bill Clinton hadde vore stolt av). Pedro er skikkeleg dyktig der han ruller sigaren med handa og to fingrer, resten mangler han. Hadde berre spansken til Ingunn vore betre, kunne vi forstått heile livshistorien hans, fra den første sigaren.

Pedro sigarking4

Pedro sigarking4

No er det berre å ta kvelden, og smørre rumpa inn med fuktighetskrem, Ingunn har bestilt ridetur i morgon tidleg. Vi skal ut i Nasjonalparken og ri i 4-5 timer, stakkars rumpa min.

21.01 Fredag

Vi var på beina og klar til frukost kl 0800, hesteturen stod på programmet. Må innrømme at eg var litt nervøs, sist hestetur var da eg var 12 i Bø i Telemark. Tøff som eg er seier eg ikkje nei til ein utfordring. Kl 0900 satt vi klare og spente på trappa til guiden, vi lurte på om det var noen gammle loppebefengte øk vi skulle ri, eller om det var the real thing.
Vi traff Carlos, guiden og hestene, fikk beskjed at dei var semi-automatiske, ikkje noe nox her!!!!

Carlos guiden

Carlos guiden

Rideturen innover i Vinjales dalen var utsøkt og naturen var eneståande, må oppleves.(husk å ta turen om morningen, det blir varmt). Halveis på turen stoppa vi og gjekk i ei grotte, Vinjales området er kjent for mange grotter. Det var fint med ein pause fra rideturen, for det byrja å verke litt i dei edle deler.(scramble eggs) På vei tilbake stopp vi hos ein lokal bonde som delte ut kokosnøtter med rom,(ikkje ulikt Malvin og det lokale øletpå Voss) og vi fekk innføring i sigar rulling.

bonden

bonden

vidar og koksnøtta

vidar og koksnøtta

På vei fra bonden og heimover piska Carlos hesten opp i trav, etter 200m med trav skriker ballene stopp og du kan lite skjønne korleis Hoss i Bonansa holt på med dette i timesvis. På slutten av turen fekk eg låne ein pisk av Carlos og klarte å få Zinko(hesten min) opp i gallop, dette var ein ny opplevelse. Når hesten galloperer er det mykje betre for ballene når du rir, og eg økte raskt avstanden til resten av gruppa. Eg følte meg litt som Joe Cartwreit, der eg stakk fra Indianarane. Må berre informere dere tvilere, hest er ikkje verst. Blir kanskje ein anna tone i morgon, når kroppen er støl og sår. Vell ferdig med turen, blei det ein dusj heime. Det er noe i ordtaket ”Du stinker som ein hest”.

vidar på hesten2

vidar på hesten2

ingunn på hest4

ingunn på hest4


På kvelden starta det å regne så det blei ein rolig kveld med ein øl på den lokale puben med noen Australske venner før middagen blei spist. Det blir nok ein rolig kveld, snakk om stranda i morgon viss været er bra......

22.01 Lørdag

Frukosten var klar som vanlig kl 0800, begynner å bli ein farlig uvane dette, men må skryte av Sosa, han kan fikse ting. Vi hadde blokkert dassen, ingen hadde sagt til oss at dopapir er dårligt nytt for doen her. Eg klarte å lure ut av meg Problemo the banjo, og etter noen fekting med armene og tegnspråk forstod han situvasjonen. No problemo fekk vi til svar!!!!!
Været skuffa hardt i dag, store deler av dagen har det regna,men tempen holder seg over 20, så vi tok den lokale sightsing bussen rundt i Vinjales og fekk sjå alle dei viktigaste sighsene.

Pool king

Pool king

Indian cave4

Indian cave4

Indian cave10

Indian cave10

Skal ut å ta eit par øl med Jason og Katy fra Australia i dag, det er jo lørdag, så vi får sjå om livet tar av.
I morgon går foresten turen vidare til Trinidad, satser på at været er betre der. Bussen går kl 0800 og vi er framme ca kl 1600. Vi har bestilt bosted der, så det er spennande å sjå kva vi kjem til, for det kan vanskeleg overgå Vila Gena.....

Glemte å fortelle dere gutta at ballene og rumpa ikkje tar skade av 4 timer på hesteryggen, berre slik at dere veit det, når damene skal ut å ri med dere...

Lørdagskveld blei ikkje så hard, det var beinkaldt 18 grader og blåste godt. Da er det ikkje noe særleg å sitte på ein uteresturant. Ingunn tok seg likevell ut på dansegolvet og viste norske salsatakter til stor stor applasus med ein lokal kubaner...

Skrevet av V.I 19:17 Arkivert i Cuba Kommentarer (0)

Havanna

cuba

sunny 25 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

17.01

Vi var tidleg på beina denne dagen. Frukosten var ferdig spist til kl 0800, den bestod forresten av fersk frukt, eggerøre, guavajuice og 2 rundstykker kvar.
Forskjellen på kva gater du går her i Havanna er avgjørende, kontrastane er enorme, noen gater er falleferdige med mykje trafikk og anna transport, mens andre er ferdig oppussa og svært fine. Ein gløymer seg faktisk litt vekk når ein går og ser på arkitekturen og bygningane her.
Det er eit mylder av sykkeltaxier, hest og vogn og vanlige taxier som skal hjelpe deg overalt. Kubaneren er svært hyggelige og oppsøkande mot kvarandre, når du ser dei på gata skal dei alltid håndhilse på kvarandre.

enda ein hestetaxi

enda ein hestetaxi

Advarsler

1 Treffer du hyggelege kubanske par som skal øve på engelsk eller hjelpe deg med noko, er det berrre å skygge banna, dei skal kun selge kubanske sigarer til deg på forskjellege måter. Vi har opplevd det 2 ganger den første dagen.

sigarselgerene

sigarselgerene

Ellers må eg berre fortelle at eg har pakka vekk dongeribuksa for 11 uker, temperaturen i Havanna er 25+ og det er vinter her, måtte berre få det med.

Det neste rare som har skjedd er at Ingunn har begynnt å sjå etter bilar, kunne aldri tru at det skulle skje. Heime er det jo berre farge og kanskje om den er lang eller kort, men her ``Sjå den da Vidar...``

kul bil 3

kul bil 3

kul bil og vidar

kul bil og vidar

18.01

Frukosten var god i dag også hos Migdalia, heldigvis hadde regnet gitt seg fra gårsdagen. Det regna i eit par timer og det var ikkje små mengder. Vi var stranda på puben Cafe Paris, anbefalt i LP, men vil ikkje anbefalle den til andre. Dårlig service og dårlige drinker, servitørene var meir opptatt av å daske kvarandre på rumpa enn gjestene.
I dag var vi ein tur på markedet San Jose, før vi tok turen ut til festningen San Carlos de la Cabana.
Det er kjempeutsikt fra festningen mot gamlebyen, anbefalles på det sterkeste. Etter litt sightsing og lesing av kommunistins propaganda tok vi taxi til den nye delen av Havanna. Pirat taxien vi tok mangla fleire deler enn den hadde (har bilder), vi følte oss ikkje trygge da gassen var i bunn heile tida og bensinlukta stinka. Den store fordelen var at bilen aldri gjekk raskare enn 45km.

Plaza de revolusjon1

Plaza de revolusjon1

Etter handling av buss biletter til Vinales (gjekk utruleg enkelt) og ein vandretur gjennom deler av den nye bydelen (ikkje noko å skryte over), gjekk turen tilbake over pomonaden til gamlebyen.
Kjøpte burger og jar beer, litt betenkt på ølet enda, men får teste det ein gang eller to til, Ingunn slo seg til ro med ein kjempe veg sand.

Grand Teatro de La Habana

Grand Teatro de La Habana

På kvelden skulle vi sjekke ut livet på ein betre salsa klubb i Havanna. Casa de la Musica her skulle det vere nye band og bra musikk kvar kveld. Vi har nok opplevd betre, virka som eit bra opplegg da vi kom, men vi gjekk skuffa heim. Ingunn kjøpte ein cuba libre, men måtte kjøpe ein ekstra cola da cubanerene praktiserer 4del cola is og resten rom.

19.01

Starta dagen med å betale fruen av huset pengene sine, og ordna plass å bu i Vinales.
Villa Gena skal vere ei vennine av huseiger vår, så vi får vente i spenning til i morgon.
Dagen har gått med til å trekk ut noen siste innpulser fra Havanna før vi skal vidare, vi var innom noen markeder og kunst utstilinger. Kultur for alle penga her, må jo ta inn det tapte....
Vi var innom resturanten Jardin del Oriente, her fekk vi middag med øl for begge til 10cuc, det er enorm forskjell på pris nivåene her. Vi traff noen nordmenn som var fastboende i Havanna der, som fortalte oss litt nyttig info.
Taxien står klar ved døra kl 0730. Så det blir nok ein tidleg kveld

Bilder kommer darlig nett pa cuba

Skrevet av V.I 13:41 Arkivert i Cuba Kommentarer (1)

Pa vei

overcast 10 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

16.01

Vi stod opp kl 0330 og hadde ein time til taxien kom. Vi brukte tida til å lage speilegg, spise og rydde litt.Første flyturen gjekk fra Bergen 0620 til Amsterdam, Amsterdam 1045 til Paris, og da vi kom til verden største møkka flyplass Carles de Gaulle starta forsinkelsane.

air france

air france

Vi stod i avgangshallen i lag med 300 andre, men den var laga for 100., her blei det ein time ekstra. Endeleg ombord på flyet, skikkeleg cattle class, men Vidar hadde vore smart og funne setter med ekstra plass.

Mat paa Air France cattle class

Mat paa Air France cattle class

Lite hjalp det mot smerten i asle etter 11 timer på flyet og 4 videoer. Glade landa vi ca 1900 lokal tid i Havanna, og ca kl 2030 kom vi til plassen der vi skal bu dei neste 3 dagane. Vi holder til hos Migdalia Caraballe Martin, har sett mykje betre, men det er ikkje gale. Takhøyden på rommet er 5,5m det hadde vore plass til 3 rom i høyden her for kubanere.. Det blir ein tidleg kveld, liten søvn på flyet.

Skrevet av V.I 07:49 Arkivert i Frankrike Kommentarer (0)

(Innlegg 16 - 20 av 21) « Side 1 2 3 [4] 5 »