Reiseblogg fra Travellerspoint

Transporten Cartagena

Colombia

sunny 34 °C

25.02 Fredag Transporten Cartagena
Vi står opp kl 0630, båten (dødsbåten som alle kaller den) skal gå kl 0715. Vell kl 0730 etter å ha betalt 10000 pesos i overvekt kommer vi oss avgårde.
båtturen

båtturen

Turen går overaskede bra, sjøen har lagt seg og vi cruiser avgårde i 40 knop.Naturen her er svært fin, vi cruiser forbi fugler, holmer og fine plasser. Etter 2,5 timer ankommer vi Turbo som er ein havneby i Colombia, denne havnebyen forsyner grensestrøket mot Panama med alt dei trenger, og ein har ikkje lyst til å bli her. Traff ein Nederleder på båt turen, reisebagasjen hans bestod i ein stress koffert der han hadde alt det som var nødvendig. Ingunn skulle få eit par paketips fra fyren, men vi mista han i trengselen på kaia. I Turpo blei vi møtt av Vicente som skulle guide oss til Atm og bussen, avdi vi skylla tanta 300000 galninger. Etter eit måltid starta turen i ein pickup. Veien starta med asfalt, men gjekk raskt over i grus. Vi kjørte gjennom bondelandet i Colombia og måtte betale bompenger til dei lokale bøndene for å passere gårdene deira. Etter eit par gårder, ei elv, to såre rumper og 4 timer kom vi til Monteria, da hadde vi alt bytta bil ein gang. Fra Monteria til Cartagena fekk vi ein minibuss og vi kom fram i 2130 tida, svært slitne. Leita ein del etter hostel, avdi alt var fullbooket. Cartenga er vist ein hubb for backpackers.
Slitne og trøtte sjekka vi inn på hostel real og sovna kjapt, etter at dei lokale kokain pusherene hadde prøvd å bli venner med meg fleire ganger.

26.02 Lørdag
Hurra. Endelig ei natt med søvn, dette var den første på ei uke.Kan ikkje huske at eg var våken i natt, og i dag tidleg var eg utkvilt. Etter frukost og litt hostel kikking, der vi ikkje fant noe betre, blei det sightseeing i Cartagena. Gamlebyen er utrulig vakker, og dei har bevart det meste av den, vi trakka rundt i eit par timer og kikka på arkitekturen og bymurane.

bymur1

bymur1


ingunn og La Torre Del Reloj1

ingunn og La Torre Del Reloj1


ingunn gatelangs3

ingunn gatelangs3

Slitne og godt varme trakk vi oss tilbake, det er lenge siden vi har hatt ein lørdag på byn , og i kveld er vi klare igjen
Klare går vi for å ta middag, og stopper for å høre om Mike vil vera med. Han slår følge med oss til ein Italiensk resturant. Her serverer dei oss pizza og pasta, før turen går på eit par puber og ein tur innom gammlebyen. I eit tida er vi slitne og rusler heimover. Vell heime begynner magen å slå seg vrang og det er berre å hoppe på potta. Full gjennomtrekk, glad vi gjekk da vi gjekk, ellers hadde dette gått gale. Etter eit par turer på toalettet og 2 imodium comp sovner eg inn.

27.02 Søndag
Magen er ikkje som den skal vera, men eg har sove godt. Klarer å komme meg til det lokale bakeriet og får kjøpt litt brød. Ingunn er ikkje heilt i form heller, men maten går ned. Vi går og sjekker eit nytt hotell, siden vi ikkje er heilt fornøyd med reinholdet på det gamle. Etter litt pruting er rommet vårt for 50000 galninger og air con følger med. Etter flyttinga tar vi turen til Castillo de San Felipe de Barajas, ein imponerende festning rett utenfor gammlebyen.

vidar og Castillo de San Felipe de Barajas2

vidar og Castillo de San Felipe de Barajas2


piraten

piraten


utsikt fra Castillo de San Felipe de Barajas1

utsikt fra Castillo de San Felipe de Barajas1


grand old shoes and vidar2

grand old shoes and vidar2

I festningen er det eit kompleks system av tunneler og eg kunne ikkje hjelpe for å skremme vettet av noen lokale ungdommer, da eg hoppa fram fra mørket og sa bøøøøøøøø......

spøkelse

spøkelse


hjelp

hjelp

Ferdig med sighseeingen hoppa vi på ein lokal buss til den nye delen av byen og stranda Playa Grande,
busstur til nybyen

busstur til nybyen


den nye delen av byen er hovudsakleg skyskrapere. Så har dei ein strandsone framfor, kor lokalbefolkninga slapper av, og ein kan få servert alt som kan frityr steikast.
ingunn og nybyen3

ingunn og nybyen3


Magen til Ingunn har gått i totalt opprør så det blir slapping på rommet før vi tar eit lite måltid ute.
Vi trekker oss raskt tilbake, og tar ein rolig kveld med litt planlegging.
paret

paret

28.02 Mandag
Eg våkner utkvilt og rask. Da Ingunn endeleg tar til beina med ein enda skrikende mage viser det seg at ho har sloss med myggen om natta. Myggen har vunne med 2 kjempe knock out, ein på panna og ein i øyelokket. Etter litt overtaling klarer eg å lure Ingunn ut.
Turen går rundt i gamlebyen,
vidar på bymuren3

vidar på bymuren3


skal det vera ein øl

skal det vera ein øl


før vi jakter på den kjente Indianer statuen i Cartagena, den finner vi 200 meter fra hotellet, rart at vi ikkje har snubla over den tidligare.
indianeren i Cartagena2

indianeren i Cartagena2

Da temperaturen knekker 35 grader, hører det er 2 heime, var det på tide å finne eit kjøpesenter med air con. Vi havna på Caribien Plaza, etter litt pruting med ein taxi sjåfør. Prisene her er litt høgare enn i Panama, men godt unna norske. Fant ein kjempe kjole til Ingunn på Tommy Hil..., men Ingunn slo ikkje til sjølv om ho angrer, kanskje på St Matin.....
Vell tilbake i gamlebyen var det berre til å ta ut litt meir penger 800000 galninger, i morgon går turen vidare til Tagana, trenger jo litt sol til vi kommer heim, dere har vel alle vore på fjellet og blitt brune.

Skrevet av V.I 18:05 Arkivert i Colombia Kommentarer (0)

Sapzurro og Capurgana

Colombia

sunny 34 °C

23.02 Onsdag Sapzurro og Capurgana
Vifta som vi har brukt kvar natt virka ikkje, bombe, som alt anna på denne båten. Vi ligger å svetter eit par timer før Ingunn legger seg ute på dekket. Da blir det søvn på meg, og vi våkner i sekstida klare til å dra. Ca 0830 er ankeret ombord og vi kolliderer nesten med ein anna seilebåt, Ingrid har vell ikkje landa heilt enda. Johan den eine svensken sover til kl 1400, da vi vekker han. Det blir ikkje sagt så mykje blandt følget vårt. Vi fekk napp av ein sværing på stanga, men den slapp dessverre unna.
Vell framme i Sapzurro, den første kystbyen i Columbia, slepper vi ankeret. Vi tar ein liten taxi båt til Capurgana, det er kjempebølger, glade og i live setter vi beina på land, og angrer stort på at vi ikkje tok med bagasjen. Planen er å stemple passet samme kvelden i Capurgana, men det er problemer i eit elvedelta og politiet er borte. Vi sitter å venter i 2 timer og da må vi ta båten tilbake, for det går ikkje ann å reise mellom byene når det er mørkt. Livredde, trøtte og slitne går vi i land på Sapzurro og strømmen går akkurat da vi går på land. Vi sjekker inn på Dona Tiana eit kjempefint hotell i landsbyen for 20 dollar. Vi tar vår første dusj på 5 dager, for det trengs. Så blir det litt sightsing før vi går død trøtte til sengs. Blir herlig å sove i ei skikkeleg seng etter seilbåten.

24.02 Torsdag
Vi våkner i 3 tida gjennomvåte av svette, eit nytt strømbrudd. Det er sikkert 35 grader på rommet og ingen strøm til vifta. Vi dupper i 4 timer før vi tar turen til den lokale fossen og så eit bad på stranda.

Foss i Sapzurro5

Foss i Sapzurro5

'Vi er klar til ein ny tur i dødsbåten kl 0930, må jo få det stempelet i passet før eller seinare. Sjøen har lagt seg og turen går raskt, uten nokon store overraskelser. Vell framme i Capurgana sjekker vi inn på hostellet og spiser frukost, før vi stempler passene våre. Vi tar ein liten jungltur på veien mellom Capurgana og Sapzurro for å sjekke utsikten, godt svette og slitne når vi toppen.

Sapzurro3

Sapzurro3


Capurgana3

Capurgana3

Vi får ein kjempeutsikt over området, men Ingunn blir vettskremt av alle edderkoppene(+ 1 babyslange) og vi setter turen for stranda og litt bading.
Edderkopp2

Edderkopp2


stranda capurgana1

stranda capurgana1

Skrevet av V.I 18:04 Arkivert i Colombia Kommentarer (0)

San Blas Island

Panama

sunny 26 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

18.02 Fredag San Blas
Vi var tidleg på beina 0600, nådde bussen som gjekk fra Albrook kl 0650. Etter 1 time var vi framme i Sabinitas, der måtte vi dessverre vente i 2 timer på neste buss, sjølv om alle sa at neste buss kom om 10-15 min. Vell framme i Puerto Lindo ca i 1100, fekk vi beskjed om at kl 1800 hadde vore godt nok. Etter eit par timer venting kom pass kontrollen og stempla passenen våre og vi flytta ombord i båten. 10 personer i ein 40 fots båt, dette kom til å bli trangt. Vi har 2 finner\svensker fra Åland, Andreas og Johan, ein britte Dallas, ein sveitser Mike og 2 kanadier Steffan og Jim. Ingunn klager litt på mangelen på jenter. Vell ombord på båten får vi tildelt senger, 2 må sove på dekk, meg og Ingunn har ein liten stikk seng, så blir salongen delt i 2 dobbeltsenger

19.02 Lørdag
Vi starta på seilinga kl 0700, sjølv om det ikkje hadde vore mykje søvn den natta. Været er mykje betre enn venta sjølv om det kommer eit par regnskur av og til. I 1600 tida er vi framme ved den første øya Chichime, ei kjempeskjønn øy, tatt ut fra eit postkort.

Chichime1

Chichime1


Chichime12

Chichime12

Her holder noen Kuna Indianerene til. Dei bur på øyene og styrer området, her er det ikkje noe anna enn kokosnøtter, hummer og fisk. Kuna indianeren kommer padlende bort til oss og selger forskjellig kunst. Desse indianerene er ikkje høgare enn 1.5m, småvokst. Her blir det bading og litt snorkling før Ingrid dama til Bruno lager eit kjempemåltid til oss. Så er det berre til å slappe av med ein øl og håpe på at vi ikkje er så solbrent at vi ikkje kan nyte dagen i morgon.

Vidar og ingunn1

Vidar og ingunn1

2]
ankerhaling

ankerhaling

20.02 Søndag
Eit morgon bad i ca 28 grader er ikkje til å klage på. Ca kl 11 satte vi kursen for Coco Bandero, vi var framme i 4 tida. Været er ikkje det beste for seiling, men vi kommer no fram i 5 knop. Vi har fiskesnøret uti men det er ikkje mykje å få. Vi seiler forbi den eine etter den andre øya, som eg kunne tenke meg å pensjonere meg på, begynner å legge planer når du er i området. I fire tida kommer vi fram til Coco, den finaste øya blandt San blas øyene. Her er det eit paradis for folk som snorkler og seiler.

Coco Bandero9

Coco Bandero9


dallas på stubben

dallas på stubben


ingunn og snorkel

ingunn og snorkel


ingunn og vidar3

ingunn og vidar3


kokkosnøtt kasting2

kokkosnøtt kasting2

Viss du ikkje renner seilebåten på grunn da.....Her blir det dyking, padling og soling til sola gjekk ned. Ingrid slår til med eit kjempemåltid igjen. Vi fisket også opp ein stor kokolur, den skal være svært god ifølge Bruno. Så Ingrid har fåttt i oppgave å lage den til for oss til frukost. Så no er det berre berre å slappe av med litt øl og rom, mens folk forteller noen skrøner...
bruno fryser

bruno fryser


solnedgang Coco Bandero4

solnedgang Coco Bandero4

21.02 Mandag
Det er ikkje rare søvnen vi får i denne båten, det er tidleg opp om morningen og ein er dø trøtt om kvelden. Kanskje ikkje så rart da 10 personer sover i ein 40 fots seilebåt.
båten1

båten1


Vi starter på seilturen i 9 tida og det går framover i ca 5 knop, det går ca 7 timer før vi ankommer Isla Tupile.
Isla Tupile1

Isla Tupile1


Det blei dessverre ikkje noen kokolur på meg da vi ikkje hadde stor nok panne til å koke den i. Det store samtale emne til reisefølge vårt er: kor det går ann å få kjøpe pot og kokain, når vi kommer fram til Cartagena, for da skal det vist bli ein kjempefest. Vi føler oss litt utenfor gjengen når samtale driver over på soff etter 2 pils. Far og sønn Kanada, skal i allefall slå seg hard ut, for her må det jo vere kvalitet på stoffet. Vell frame på Isla Tupile blir det eit bad, før eg padler inn til stranda på ein kayakk. På menyen i kveld står det lokal hummer fra San Blas. Vi kjøpte 6 stykker fra noen fiskere vi passerte for 40 dollar, hummeren var utsøkt.

hummerkjøping1

hummerkjøping1


hummerkjøping2

hummerkjøping2

22.02 Tirdag
Etter nok ei natt med lite søvn, gleder eg meg litt til turen er over. Det er hardt ikkje sove skikkeleg på eit par døgn. Vi seiler blandt dei finaste øyene og postkort strendene du kan tenke deg, men ein skulle hadt litt meir plass ombord. Som alle andre dager ankommer vi øya vår Isla Pinos i fire tida. Vi bestemmer oss på vei for å ha ein skikkelg fest dene dagen, så etter ein svømmetur til den lokale stranda og litt soling blir det middag, rom og øl. Kanada Junior hadde smugla med seg 2 jointer som far og sønn slår seg laus på. Lite aner vi at, vi har havnet på det største hasj partyet på Isla Pino, før Bruno og Ingrid ankommer båten med eit vennepar.
vidar johan steffan andreas

vidar johan steffan andreas

For Bruno har skikkeleg stoff, Canada, England og Finland får hoste annfall, da dei trekker inn den profosjonelle jointenten til Bruno. Utover kvelden blir latter anfallene fleire , på turistene og øyene større og raudare. Vi lurer litt på korleis morgondagen kommer til å bli, vi skal jo begynne seilinga kl 0700. I 23 tida er gutta nesten slokna og vi trekker oss tilbake for kvelden.
solnedgang isla pino 7

solnedgang isla pino 7


solnedgang isla pino 1

solnedgang isla pino 1


Etter denne kvelden døper vi om Winfli til: Fly high with Weefly.
seile er nede for siste gang

seile er nede for siste gang

]

Skrevet av V.I 15:09 Arkivert i Panama Kommentarer (0)

Panama City

Panama

sunny 30 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

15.02 Tirsdag Panama City
Hardt sliten blei vi dumpa av på buss stasjonen i Panama city kl 0500, vi slappa av til 0700. Byen er visst ikkje heilt trygg i mørket har vi hørt. Ingen ledige rom på hostela, så vi fant oss eit hotellrom som ikkje var så gale, og sovna med ein gang. I 12 tida var vi på beina og klare for å jakte på seilebåt, fant to stykker, ein den 18 og ein den 19, så no får vi bestemme oss. Litt spennende med den på den 19 er at den går gjennom slusene. Panama city har ein enorm bygge og oppussingsaktivitet. Her finner ein 5 stjernes hotell, og på nabotomten er det ei falleferdig rønne fra 1800 tallet, kontrastene er store.

ingunn og kirke

ingunn og kirke

Så byen kommer til å bli kjempefin om 5 års tid. Ein bilelskende nordmann som Kristian, hadde nok fort blitt våt i buksa når han hadde sett alle Audiene,BMWene, Lexusene osv som ein kan drømme om i Norge.. På kvelden tok vi turen til Las Tinajas og såg eit show om Panamas kultur...

16.02 Onsdag
Valgets store kvale stod på programmet, kva skulle vi velge. Hadde lyst til å reise gjennom Panama kanalen med seilebåt, men da vi kom var den utsolgt. Så vi booket dei to siste plassene på Winfli, som går den 18 feb til Colombia. Dere kan sjekke sida winfli.es. Så tok vi turen til Panama kanalen for å sjå ein båt gå gjennom slusene, men vi var dessverre 30 min forseine, den siste båten hadde akkurat gått for dagen.

Miraflores slusene

Miraflores slusene


slusene

slusene

Så da blei det shopping på Terminal Albrook, eit kjøpesenter som er 5 ganger større enn Lagunen i Bergen. Ingunn seier at prisene og utvalget er svært bra her, så for dere jenter det er berre til å ta turen....

17.02 Torsdag
Sightsing på programmet igjen, Ancon høyden med utsikt over kanalen og byen.

utsikt anconhill2

utsikt anconhill2


ingunn flag anconhill

ingunn flag anconhill

Ikkje dumt å ta turen viss du har tid, det er ein fin gåtur til toppen. Etter fjellturen tok vi turen ut til Island Amador og leigde noen sykler, fint å komme seg rundt her ute da det er heilt flatt.

panama

panama


vidar på sykkeltur

vidar på sykkeltur

Da vi var lei sykling og is spissing(det er slikt ein gjer når det er over 28 grader), booket Ingunn ein pirat taxi til Multi Plaza, 5 dollar ein kjempe del. Etter litt mat og shopping tok vi turen heimover, pakking står på programmet, vi skal jo på seilbåt tur.
Ein ting dere må få med dere i Panama er bussene. Det er gamle amerikanske skolebusser, slike som på film. Desse bussen er malt av kunstnere, og pimpet noko heilt utruligt. Løpelys, neonlys, dusker, enorme eksosrør og inne i bussene blir lyset slått av og diskolys slått på....

kulbuss2

kulbuss2


kulbuss3

kulbuss3


kulbuss6

kulbuss6

Skrevet av V.I 15:07 Arkivert i Panama Kommentarer (0)

Bocas Del Toro

Panama

rain 20 °C
Se Pirates of Caribbean på V.I's reisekart.

12.02 Bocas Del Toro
Vi er tidleg på beina, veistøvet hadde lagt seg, men er usikker om hasjrøyken, for eg såg ein svær krabbe inne på ein bar, norsk taskekrabbe størrelse. Trur det var på tide å komme oss vidare, sjølv om klokka ikkje var seks enda. Vel ombord på bussen, som tok ein og ein halv time, kjørte vi gjennom himmelen til ein apekatt, eller ein bannan elskande Bergenser(Arne?).

chiquita

chiquita


chiquita skandinavia1

chiquita skandinavia1


chiquita skandinavia2

chiquita skandinavia2


grensebrua

grensebrua

På grensa rauk pengene kjapt, 12 dollar kvar for ein buss billett ut av Panama, dei var redd vi skulle bli her? 3 dollar kvar for eit frimerke, 10 dollar kvar for taxi til båten og 4 dollar kvar for båt til Bocas del Toro. Båtturen gjekk i ein liten planke av ein båt, med ein 200hk motor på, det gjekk unna. Ute på øya vart eg litt skuffa, det var ikkje det paradiset eg hadde trudd, ligner heller litt på ein festby fra ein amerikansk film. Vi tok turen over til Carenero, det einaste som var ledig der var til 69 dollar så turen gjekk tilbake til Colon. På Colon fant vi ikkje noko vi likte, så da gjekk turen til Bastimentos, etter råd fra noen tyskere. Her slo vi oss til ro på Hostel Bastimentos som blir styrt av noen innfødte. Føler litt samme kultur som tidlegare i Caribien, alle ting kan vente til i morgon, kvifor stresse eller jobbe. Da vi hadde funne oss til rette var det berre til å ta turen til den lokale stranda Playa Wizzard, men her var det dessverre så sterke strømmer at vi ikkje kunne svømme, men vi fekk no bada. På stranda som er tatt ut av eit postkort, arrangerte vi konkuranse i kokosnøttkasting mellom Algrøy og Svartemyr, Algrøy gjekk av med ein kjempeseier til tross for sterk innsats fra Svartemyr.

vidar på playa wizzler

vidar på playa wizzler

Vell tilbake på hostellet fant vi ut at strømmen på øya var borte, ingen vann til dusjing. Vi gjekk ut for å ete på den lokale resturanten Roots, på menyen har dei ca 15 rette, etter litt arbeid fant eg ut kva eg ville ha. Det var 2 retter tilgjengeleg av 15, dette hadde den lokale servitøren store problemer med å forklare, så det blei kjøtt, ris og bønner uten lys, kanskje likegodt. Etter eit par forsøk hadde vi strømmen tilbake ca kl 2200, da hadde vi planer om å sove ute i ei hengekøy på grunn av varmen på rommet vårt...

13.02 Søndag
Vi vokna til eit brak i tre tida, det berømte tropiske regnet slo til. Trur aldri at eg har sett slike mengder med nedbør i Bergen eingang.

regn

regn

No er klokka snart 12 og det har kanskje gitt seg, vi får håpe, ellers blir det ikkje mykje sol på kroppen i dag. I 2 tida var det endeleg ein pause i regnet og vi tok oss ein tur for å sjekke nabolaget. Heldig som eg var var dette dagen da Bastimentos hadde hanekamp mot Colono og den lokale helten Karatos skulle sloss. Gleda meg litt til kampen, endeleg skulle ein av desse j... som har vekt meg så mange morninger dø... Kampen skulle starte kl 14, men etter litt samtaler med dei innfødte så var 15 den rette tida. Eg møtte opp og satt spent å venta, i 1,5 time før kampen starta, blei noen øl ja. I hanekamp er det veging, diskusjon om odds (dette tar tid) og så måtte dei lokale samle inn penger til kampen mellom 350-500 dollar. Det nærma seg kamp og fleire folk kom, hanane blei klargjort, med pigger på beina. Trur fyren hadde fleire pigger med seg enn kongen har fluer på ørret fiske. Kampen starta og spenninga stod i taket, damene skreik og jubla på Karato. Etter ca 7 min fekk Karato overtaket og sette piggene i den andre hanen til kjempejubel fra dei lokale.

hanekamp5

hanekamp5


hanekamp4

hanekamp4

Trur nesten brygga der dei hadde kampen skulle bryte sammen i jubelen. Etter enda ein kamp da den lokale hanen tapte, var eg litt lei og trakka tilbake til hostelet.
På kvelden feira dei lokale hardt, fikk beskjed fra Dickson at her var det fest så lenge det var penger.

ingunn i hengekøy

ingunn i hengekøy

14.02 Mandag
Dagen starta ikkje betre enn den siste og etter ein sjekk på yr.no, var ikkje håpet stort. Vi beslutta å reise fra Bocas, det var meldt regn heile uka. Vi booka buss fra Almirante. den skulle gå kl 1900, og vere framme i Panama kl 0600. Så da var det berre å pakke sammen, ta båten inn til Colon og finne seg ei strand. Problemet no, var at det var så mykje strandfluer på stranda, vi ikkje kunne ligge der. Vi fant ein isbar på ei brygge og blei liggende i noen sakosekker eit par timer, fint å vere på ferie.

på isbar4

på isbar4


på isbar1

på isbar1

Så var det berre å finne seg ein liten planke av ein båt, med litt for stor motor å ta turen til Almirante. Da bussen endeleg kom var det berre å kle seg opp, vi blei advart av andre at det kom til å bli kaldt, men eg hadde ikkje trudd at dei skulle klare å få tempen ned under 17 grader. Turen gjekk unna med ørepropper. Husk at reservasjon ikkje alltid er godt nok i Panama, dei booker nesten alltid litt dobbelt så kom tidleg på bussen.

lokal taxi

lokal taxi

Skrevet av V.I 15:06 Arkivert i Panama Kommentarer (0)

(Innlegg 6 - 10 av 21) « Side 1 [2] 3 4 5 »