Reiseblogg fra Travellerspoint

Barbados

Crystal Beach

sunny 30 °C

13.03 Søndag Barbados
Vi kom oss til flyplassen, og skulle sjekke inn. Her måtte vi 10 dollar til flyselskapet i skatt, så bar det til neste skranke der vi måtte betale 190 bolivar i utreiseskatt, følte oss litt snytt. Vi fekk lagt ut litt blogg og brukt skype da vi fant ein ruter uten passord på flyplassen. Fra Caracas tok det 1 time og 45 min til Port of Spain, derfra gjekk det 35 min til Barbados. Det er viktig å vera kjapp ut av flyet her, for køen i imigrasjonen er lang. Vi fekk litt problemer fordi vi ikkje hadde plass å bu, men det blei fiksa raskt.
Er ikkje heilt fornøyd med hotellet, men det kan vi fikse ein anna dag. Vi tok turen til den lokale stranda, den var kjempefin, og det var ikkje mykje folk. Trur det er den finaste sanden vi har vore borti på turen. Etter litt sol og bading, tok vi turen til den lokale resturanten for litt mat, eg slo til med flying fish sandwich. Dette skal vera lokalmat med stor M, og det smakte ikkje gale.
På kvelden tok vi ein tur inn til Saint Lawrence Gap den store party plassen på øya, the Gap er eit par km med resturanter, hoteller og puber i alle pris klasser. Vi som er backpackers slo til med litt street snack og øl.....

14.03
Hotell jakt og joggetur stod på programmet, ein kombinasjon er ikkje dumt. Nytt hotell blei det ikkje, det er få gode og billige plasser på Barbados. Så vi tok turen til stranda igjen, må nok seie til dere i heime i Bergen eller kor dere er, her er stranda kvit som snø, noko av det finaste vi har vore borti.
stranda 7

stranda 7


Etter x antall timer tok vi turen til Bridgetown, ikkje mykje å skryte over, husk butikkene stenger kl 1700, vi var litt seine, etter middagen. Det var ein kjempe bom tur, men vi får handle på St Maarten.
Ein har to typer busser her på Barbados, myndighetene sine slik som i Norge, og varebiler som dei innfødte kjører, her er det berre å stue mest mulig folk inn og høre på gangster rap. Vell tilbake på hotellet var det berre å booke dykking og planlegge litt framover....

15.03 Tirsdag
Dykkermannen vår Ram skulle komme på besøk i ni tida, så vi fiksa eit par ting på nettet. Fyren virka kjempegrei og vi blei med han for å sjå kor båten hans låg, slik at vi kunne komme der på fredag. Han skraut også over noen skilpadder der, litt skeptiske blei vi med. Båtene hans Scotch’n’soda og Hangover, dette er faktisk sant, ligger ved hotellet Crystal Water Guesthouse. Planen er å flytte der i morgon. Ram snakka faktisk sant om skilpaddene, og vi fekk låne snorkle utstyr av han.
Turtle3

Turtle3


Turtle1

Turtle1


Alle dykkere eg har snakka med, har skrøte av at dei har sett skilpadder. Vil berre seie har eg og Ingunn, svømte og klappa på skilpadder ein heil dag ved hotellet, dei var over ein meter lange. Skilpadder er fasinerende dyr under vann, hadde aldri trudd at dei kunne svømme så fort. Ellers var det dårlig snorkling i område, lite fisk og koraller. Var innom ein tax free shop for å sjekke forskjelleg, blei frista av ei Tag Hauer Link, godt eg starter i ny jobb snart. Ellers var det berre å leike litt på stranda og sjå solnedgangen før vi tok turen tilbake til hotellet i ein lokal bus.
strandleik4

strandleik4


yoga ingunn1

yoga ingunn1


hopp ingunn

hopp ingunn


Dette var ein skikkeleg party buss, gangster rap og bass, så heile bussen rista, vi plukka opp masse folk var sikkert 16 stykker. Så noe er det berre å dusje og gjere seg klar for ein tur til the Gap.

16.03 Onsdag
Lei av rommet og hotellet sjekka vi ut, vi hadde jo fiksa appartment på Crytal Water Guesthouse i Worthing. Vi pakka raskt og sette kursen for vår nye heim. Sightseeings planene våre gjekk i vasken da folk sa at det var lite å sjå her, og vi fekk tilbud om ein båttur gratis. Vi var med da Ram, og vennen hans dykka, eg prøvde snorkling, men det var litt djupt.
Vidar snorkler3

Vidar snorkler3


Vell tilbake på stranda vår, fekk vi låne dykkerutstyr for å leike med skilpaddene. Prøvde å fange ei, men skilpadder er sterke dyr, Ingunn fekk noen bilder.

Vidar fanger skilpadde2

Vidar fanger skilpadde2


Så var det berre å ta turen til butikken, siden vi har kjøleskap og koke muligheter, må prøve å lage litt mat. Har planer om litt speilegg og omelett, lenge siden sist no. Vi har fått beskjed om å utsette tax free shopping til St Maarten, skal vist verta ein del billigare der....

17.03 Torsdag
Etter eit morgonbad og litt slapping på stranda tok vi turen til Silver Sand for Surfing, dette er 25min med lokal bus fra Worthing. Stranda var pakka med kiteere, men vi booka eit surfebrettet.
kitere3

kitere3


kitere2

kitere2


Etter ein time gav vi opp, dei få bølgene som kom var i litt største laget og vi hadde svelgt nok vann. Så da bar det tilbake til the gap der Ingunn fekk voksing av leggene, mens eg slappa på stranda. Vi tok ein rolig kveld med øl, rom og solnedgang.....
solnedgang3

solnedgang3


gutten

gutten


ingunn solnedgang3

ingunn solnedgang3

Det er jo dykking i morgon....

18.03 Fredag
Dagen var booket for dykking med Ram, vi var 10 personer med på båten. Noen skulle ha eit dykk, noen skulle snorkle og oss som skulle ha to dykk. Det første dykket gjekk på eit rev like utenfor Worthing, det var mange koraller, ulike fisk, 2 stingray og to skilpadder. Ram viste oss forskellige fisk og vi tok på masse undervannvegitasjon. Det er mykje rart som veks her i karibien som ligner spes ting. Dykket var utrulig bra, sikt ca 20 m, litt dårlig denne dagen sa Ram. Vi stor koste oss da vi slapp ut all fisken fra ei teine på bunnen, kan jo ikkje alltid tenke som ein fisker. Vell ombord igjen var det berrre til å gjere oss klar for neste dykk som gjekk i ein Nasjonalpark like utenfor Bridgetown. Her har dei laga eit kunstig rev av fleire fartøy, så dette var eit wrek dive. Det samler seg utrulig mykje fisk rundt vraka, og det er fint å sjå alle dei ulike fasongene og fargane på fiskane. Det er noko anna en i fjæra heime. Det mest spesielle her var da vi svømte inni skipene, er litt spesielt for ein sjømann å svømme gjennom maskinrommet på eit fartøy. Til dere offshore folk, eg såg des ingen sotengler der....
Ingunn og Vidar2

Ingunn og Vidar2


Ingunn og Vidar1

Ingunn og Vidar1


10-4209

10-4209


10-4201

10-4201


10-4193

10-4193


10-4191

10-4191


10-4177

10-4177

Dykket var ferdig, og kva er meir normalt enn å feire med rom for to vellykka dykk. Vell tilbake i Worthing var det berre litt meir rom og rydding av dykkerutstyr, før det blei ein kvil... Vi blei litt hekta, så det er snakk om dykking i morgon også. Vi skal på speerfishing etter barrakuda.....
På kvelden tok vi turen til Oistins, 22 personer i varebilen ny rekord, dette er plassen der alle turistene samler seg for å spise fisk og anna lokalmat. Her er det nesten berre kvite folk og mange av dei, sjølv om 93% av befolkningen på Barbados kjem fra Afrika. 3% er etterkommere etter kvite og 4 er uike andre....
Etter litt mart og sightseeing tok vi turen til The Gap, der vi stoppa på Reggae Lounge. Det var ikkje rare livet, og siden det var snakk om dykking tok vi ein tidleg kveld...

19.03 Lørdag
Ram kom tidleg til Crystal og hørte om vi ville vere med på fisking. Ingunn var ikkje noe stor fan og ville kvile litt ekstra. Eg var klar, det hadde vore gøy med ein Barracuda på stanga. Etter 1,5 time uten napp gav vi opp fiskinga, og bestemde oss for å ta eit dykk. Det var kun eg og Ingunn som ville, men Pat tok turen også.
ingunn i havet2

ingunn i havet2


paret i havet2

paret i havet2


Ram ingunn vidar2

Ram ingunn vidar2


Vi tok turen til Sandy Beach Reef, og dykket varte i ca 37 min, max dybde 16m. Denne plassen vil eg kalle Turtle reef, for vi såg sikkert eit dusin Turtles. Ellers klarte Ram, å skyte ein Barracuda, mens vi følgte med på jakta. Det var ein til der, men den slapp unna. Ingunn såg fleire Barracuda, men ho syntest synd på fiskene, og gav ikkje beskjed til Ram. Korall revet utenfor Sandy Beach er utruligt fint med masse koraller, skilpadder, havslanger, barracuda og utruligt mange andre fisker. Vil anbefalle dere der heime, viss dere noen gang kommer til Barbados , da må dere ta ein dykkertur med Ram. Det er ein opplevelse, og ein møter mange spennende personer. Etter dykket var det berre til å ta ein kvil før solnedgangen. Ingunn slo til med ei kjempegryte med nudler og ulike grønnsaker. Må jo vere litt sunne på turen og lage litt mat, det nærmer jo seg heimreise.......
Begynner å håpe på at Global Marine har noen oppdrag på Barbados, eg skal melde meg frivillig til å reise....

20.03
Det er på tide å komme seg litt rundt på Barbados, derfor er planen å ta turen til Bathsheba beach.
Vidar på Bathsheba beach1

Vidar på Bathsheba beach1


Bathsheba beach1

Bathsheba beach1


Bathsheba beach10

Bathsheba beach10


Dette er ein kjent surfeplass på østkysten, med store bølger, så det blir ingen surfing på oss. Etter 40 min på bussen ankom vi Bathsheba beach der det var surfekonkuranse for småtroll. Småtrolla var svært dyktige på surfebretta, og eg var mektig imponert av ei jente, ho konkurrerer vist internasjonalt. Stranda er ikkje så fin her, men det er kule formasjoner på fjella.
På veien tilbake til Crystal drepte buss sjåføren ein sau, det var ikkje snakk om å stoppe. Så ver forsiktig når du krysser veien på Barbados.
Tilbake på Crystal blei vi overraska av eit kjempe regnvær, og vi benytta tida til å pakke. Det klarna opp ved solnedgangen, og vi fekk det siste og viktige badet på Barbados.
Vi delte restene av romen vår med Pat, Lisa, Joe og David, det vi ikkje hadde planlagt var at dette utvikla seg til ein fest.
Pat lisa

Pat lisa


Pat

Pat


lisa ingunn vidar joe

lisa ingunn vidar joe

Vi klarte å lure oss til sengs i 12 tida, da var det 5,5 timer til vi skulle ta taxi til flyplassen.

Skrevet av V.I 07:53 Arkivert i Barbados

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

Hallaien Ingunn og Vidar!

Ser bra ut på Barbados, har jo jobbet der en uke.
Bodde ved siden av Spring Garden Powerstation hvor jeg inspiserte kraner. Dette ligger i Freswater Bay, på Brighton beach. Her våknet jeg hver morgen av at dieslene startet opp, gikk jo greit det, var jo godt å ta et bad etter endt arbeidstid. Handlet på et senter ved Terrol Barrow og var eneste hvite, scary, he,he. Ellers er jo trafikken helt over styr. Tenkte å leie en motorsykkel, men det anbefalte ikke de lokale heltene. Fikk høre siste dagen jeg jobbet der at en som punkterte og stod ved veikanten, ble kjørt ned når han skiftet dekk. Så med egne øyne halsbrekkende forbikjøring, brukte hele veibredden å vel så det....
Ellers er det veldigt fint på Barbados, var der i februar, ca 27-30 gr. om dagen.
Lykke til videre, kjempebilder og kommentarer fra dere.

fra LarsG

Du må være medlem av Travellerspoint for å reagere på denne reiseblogg.

Logg inn